Vi skal lokke fleire turistar til Nordhordland med Ullruta!
Ny brosjyre for sommaren 2019
Nordhordland har lange tradisjonar og mykje spanande å vise fram. No skal kulturskattane i regionen bli lettare tilgjengelege. Gjennom ei reise i regionen skal besøkande få oppleve alt som har med sau og ull å gjere – frå gardar som held gamle tradisjonar i hevd til besøk på verksemder der du kan lære om karding, veving og strikking. Sal av tradisjonsmat og av ull-produkt vert ein viktig del av tilbodet.
Utvikling av berekraftig reiseliv i Nordhordland - eit EU-prosjekt
Vi har fått midlar frå EU til å arbeide med berekraftig reiseliv i Nordhordland: Kva skal til for å byggje opp, eller vidareutvikle, eit berekraftig resielivsprodukt, tufta på ressursane som finst i regionen (natur, kultur og kunnskap)?