Utvikling av berekraftig reiseliv i Nordhordland - eit EU-prosjekt

Vi har fått midlar frå EU til å arbeide med berekraftig reiseliv i Nordhordland: Kva skal til for å byggje opp, eller vidareutvikle, eit berekraftig resielivsprodukt, tufta på ressursane som finst i regionen (natur, kultur og kunnskap)?

Saman med andre biosfæreområder, regionalparker og verdsarvstader i Skottland. Finland, Island, Grønland m.fl, har vi no sett i gong eit prosjekt som setjer fokus på reiselivsutvikling. Prosjektet er kalla SHAPE; Sustainable Heritage Areas: Partnerships for Eco-tourism

Målet med arbeidet er å fokusere på korleis ein kan leggje tilrette for eit berekraftig reiseliv ved å nytte dei natur- og kulturressursane som finst i dei ulike områda på ein måte som gjev lønsam næring, og som tek vare på kultur og natur og ikkje forbrukar den.

Kartlegging
I Nordhordland har vi, saman med reiselivsaktørane i regionen, gjennomført ei kartlegging av infrastruktur (transport, servering, overnatting mm), naturressursar (attraksjonar, løyper, organisert aktivitet mm) og kulturressursar (attraksjonar, museum, galleri, handverk mm). Kartlegginga visar ein enorm breidde og mange moglegheiter for ulike retningar innan reiselivsutvikling.

Tiltak
Vi har som mål å bruke kartlegginga til å utvikle eit digitalt kart der ein finn all informasjonen. Løysinga på korleis vi skal gjere dette vil vi utvikle i prosjektperioden. Vidare kan vi bruke kartlegginga og det digitale kartet til å utvikle ulike rundturar i regionen.

E-service, Nettportal
Partnarane i prosjektet utviklar også ein nett-portal der vi skal vise arbeidet, metodane og resultatet som vert gjort av dei ulike deltakarane. Målet er at denne portalen også skal kunne brukast etter at prosjektet er ferdig til hjelp og inspirasjon for andre som skal utvikle berekraftig reiseliv. 

Prosjektet vil gå fram til våren 2020.

 

Bilde frå arbeidet med å kartlegge ressursar:
Mapping assets 3 Nordhordland Photo Kari Evensen Natland_375x500.jpg