Norge får MAB-komite
Klima- og miljødepartementet oppnemnde i 2015 ein nasjonal komite som skal bistå i gjennomføringa av UNESCO-programmet «Man and the Biosphere» (MAB) i Norge. – Eg er glad for at vi med dette kan starte arbeidet med "Man And the Biosphere" i Norge. Eg veit at nokre kommunar har konkrete planer om å søke om MAB-status. For meg betyr slike lokale initiativ at vi får enda fleire verktøy i prosessen for eit grønt skifte i Norge, og eg gler meg til å sjå konkrete resultat, sa dåverande klima- og miljøminister Tine Sundtoft.
Det er Miljødirektoratet som er sekretariat for MAB-komitéen. Medlem er:
Olav Nord-Varhaug, Seksjonssjef Miljødirektoratet
Trond Rafoss, prosjektleiar Lista Regionalpark
Johannes Holmen, Norges Forskningsråd
Dagmar Hagen, Seniorforskar, Norsk Institutt for naturforsking
Tora Aasland, president i den norske UNESCO-kommisjonen.
Tora Aasland, meiner det er svært viktig at Man And the Biosphere kommer på plass og i Norge:
– Eg vil gje honnør til klima- og miljøministeren som tar programmet på alvor. Eg ser fram til å gå i gang med det viktige arbeidet, sier Aasland.
Les om saka på Regjeringa og Unesco Norge sine sider.