Frå idé til endeleg utnemning

Grov skisse over det viktigaste arbeidet som er gjort i prosessen

Oppstart og forankring
Eit av dei viktige kriteria for å få status som eit biosfæreområde, er at arbeidet med å etablere biosfæreområdet skal starte lokalt. I Nordhordland starta arbeidet hausten 2013. Då vart samarbeidsavtalen mellom Regionrådet i Nordhordland og Universitetet i Bergen skrevet under. Ein etablerte ei arbeidsgruppe som skulle drive fram prosjektet og ei styringsgruppe for biosfæreprosjektet som er med og legg føringar for, og kvalitetsikrer, innhald framdrift og økonomi.

Nasjonal satsing på UNESCO sitt biosfæreprogram (MAB)
Ei av dei første oppgåvene til Nordhordland vart å fremme ei nasjonal satsing på at Norge skulle slutte seg til UNESCO sitt MAB-program og etablere biosfæreområder. Sommaren 2014 vart Nordhordland invitert til statssekretæren for Klimadepartementet og etter møtet vart det bestemt at ein ønskte å få dette programmet aktivt også i Norge. I juni året etter var mandatet og medlemma til den norske MAB-komiteen klar.

Prekvalifisering
Kva for nokre krav er stilt for å få status som eit UNESCO biosfæreområde og korleis kan Nordhordland fylle desse krava og korleis vil Nordhordland bidra til ei berekraftig utvikling innanfor programmet? Fram til vintaren 2015 laga Nordhordland ein prekvalifiseringsrapport som tok opp desse spørsmåla. Rapporten vart handsama i alle kommunane og levert til Klima- og miljødepartementet – klar til handsaming til at MAB-komiteen vart etablert.

Status som Norge sin første Biosfærekandidat
Etter møter med UNESCO i Paris, i Miljødirektoratet og i MAB-komiteen, vart prekvalifiseringssøknaden handsama av komiteen og Nordhordland fekk i desember 2016 status som Norge sin første kandidat til å bli et biosfæreområde. Ein viktig milepæl i arbeidet fram mot endeleg utnemning.

Innhald i satsinga og prosjektarbeid
Parallellt med søknadskriving og dokumentasjon har det vore arbeidd med kva innhald biosfæreprogrammet kan ha i Nordhordland og ulike prosjekt er initiert og igangsett. Du kan lese meir om desse prosjekta her på nettsida.

Informasjonsarbeid og pilot i UNESCO sitt arbeid for «Branding and Communication»
Det har vore gjennomført informasjonsarbeid for Nordhordland biosfæreområde både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Lokalt gjennom møter med kommunar, lag / organisasjonar og gjennom prosjekta som er i gangsett. Nasjonalt til sentrale myndigheiter og presentasjon på ulike nasjonale konferansar. Internasjonalt har vi gjennomført fleire møter med UNESCO i Paris, vi deltek på MAB sine Europa-konferansar og vi har og vore represenetert på Verdskongressen. I tillegg er Nordhordland ein aktiv deltakar i nettverket for dei nordiske biosfæreområda.
I 2015 var Nordhordland eit av pilotområda då UNESCO starta sitt arbeid for kommunikasjon og merkevarebygging av MAB-programmet. Dette var eit gjensidig lærerikt og nyttig samarbeide der vi lærte mykje om korleis vi kan kommunisere om MAB-programmet og UNESCO får nytte av erfaringane som vert gjort i pilotområda. På Verdskongressen for MAB-programmet i Lima fekk Nordhordland kort presentere arbeidsprosessen vi har hatt vedr. dette.

Hovudsøknad
Det er ein omfattande søknadsmal som kandidatane må fylle ut som søknad til å få status som eit biosfæreområde. Malen har om lag 150 spørsmål, fleire av dei er særs omfattande. Her skal det vere til dels grundig informasjon om området sin natur, topograf og kultur, samt om kommunane, befolkninga og næringslivet i regionen. Det er Universitetet i Bergen v/ Peter Emil Kaland som er redaktør for søknaden frå Nordhordland. Nokre delar av søknaden har det tatt lang tid å arbeide fram, det vert m.a. stilt store krav til dokumentasjon. Arbeidet med hovudsøknaden starta tidleg i 2016 og var ferdig i september 2018.

Forankring
Hovudsøknaden vart sendt frå Nordhordland med signaturar frå ordførarane i alle kommunane, samt fylkesmenn og fylkesordførarar i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Den vart vidare handsama av den norske MAB-komité som gav sine anbefalingar for søknaden. Den endelege handsaminga skjedde i Klima- og miljødepartementet, og dei hadde saka på høyringsrunde til alle berørte departement. Då den var godkjend i alle instansar sendte Regjeringa Nordhordland sin søknaden  til UNESCO i Paris. har frist 30. september for land til å sende inn søknader til MAB-programmet. Søknaden vert så handsama i ulike komitear i UNESCO sin administrasjon i Paris.

Utnemning
Etter ei førebuande handsaming av "MAB Advisory Committee" er det MAB-programmet sitt øvste organ, ICC, som endeleg utnemner nye biosfæreområde. Dette vert gjort på det årlege møtet dei har, som regel i juni kvart år. Nordhordland vart utmend som eit UNESCO biosfæreområde 19. juni 2019, ca kl. 12.27 :-)

Strategidokument
Det er også eit krav at alle biosfæreområder skal ha ein strategi som skal seie noko om kva mål og prioriteringar biosfæreområdet ønskjer å satse på og tiltak for å nå måla sine. Planen bør utarbeidast med brei deltaking frå lokalsamfunnet. Hausten 2019 inviterar vi til godt engasjement kring dette arbeidet.