Korleis ser Nordhordland Biosfæreområde ut?

Frå dei ytste skjær
der havdønningane slår som kloden sine eigne pulsslag innover svaberga
over lyngheier og sund, innmark og utmark, knausar og koller
heilt inn til der landskapet stig steilt mot fjellheimen og støl ligg bak støl
mot himmelranda, er Nordhordland eit stykkje Norge i miniatyr.
Sjølv om heile landsdelen frå Fedje til Stølsheimen
var rive laus frå kysten og i drift
hadde han likevel hatt det meste av det landet har å by på - med seg.

                                                                         
Gunnar Staalesen

 

Nordhordland er området mellom Bergen og Sognefjorden. Det utnemnde UNESCO Biosfæreområdet inkluderar kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy, Vaksdal og Øygarden. I tillegg er også deler av arealet til kommunane Vik, Høyanger, Voss, Askøy og Bergenkart norge.jpg tatt med.

Variasjonen i landskapet er stor, frå Øygarden og Fedje vest i havet, til Modalen inst i Osterfjorden. Storleik og innbyggjartal i kommunane varierer mykje, men det er sterke fellestrekk mellom dei, både geografisk, historisk og kulturelt. Alle kommunane har óg ei sterk tilknyting til Bergen på grunn av nærleiken til byen, og mange av kommunane kan seiast å ha ein felles arbeidsmarknad kring verksemda på Mongstad. Sidan oljeeventyret tok til på syttitalet, har Mongstad vore eit sentrum for vekst, tilflytting og industrialisering i ein region som tidlegare var prega av fiske, landbruk, handverk og småindustri.

Nordhordland UNESCO Biosfæreområde strekkjer seg frå havet og kysten i vest, gjennom kyst- og fjordlandskapet til toppen av Stølsheimen 1300 m.o.h. og deretter ned til Sognefjorden. Området dekker 6 698 km2 .

Nordhordland står solid som ein representant for den ressurssterke ytre Vestlandskysten og i internasjonal samanheng som eit demonstrasjonsområde for det moderne Norge. Naturen er kontrastrik med kysten beskytta av ein breid skjergard, store og små fjordar og vidare gjennom dal- og skoglandskapet opp til høge fjell.

kart biosfære

Nordhordland UNESCO Biosfæreområde er utforma som ein ressursprofil frå hav og kyst i vest, til Stølsheimen i aust. Kart: Peter Emil Kaland/ Lina Haggard.

 

Fram til om lag 1970 var Nordhordland rekna som ein relativt fattig region. Jordbruk, fiske og handtverk var leveveg for mesteparten av befolkninga slik det har vore i uminnelege tider. Etter at jordbruket vart innført i yngre steinalder har befolkninga nytta alle tilgjengelege ressursar langs den økologiske gradienten: fiskarar med småbruk i ytre strøk; bønder med utstrakt seterdrift i indre strøk. Regionen har óg vore viktig i oppbygginga av nasjonen Norge. Gulatinget og Gulatingsloven var del av grunnlaget for kong Magnus Lagabøtes landslov og viser regionens store regionale og nasjonale rolle i vikingtida og middelalderen.

Nordhordland er valt ut som pilotprosjekt fordi regionen på ein framifrå måte kan stå som modellområde både for det historiske og det moderne kystlandskapet i Norge. Utvikling i samfunn og teknologi har ført til at regionen i vår tid forvaltar store verdiar i form av vasskraft, petroleum og fisk. Det varierte landskapet er ein ressurs i seg sjølv.

Ressursprofil med strek.jpg

Eit tverrsnitt gjennom biosfæreområdet som viser korleis ressursane vert nytta frå hav til fjell. Illustrasjon: Kjersti Isdal.

 

Nordhordland UNESCO Biosfæreområde skal ha fokus på berekraftig natur-, samfunns- og næringsutvikling, og vil med det falle godt inn i den retning det internasjonale biosfæreprogrammet går. Internasjonalt er det sterkt vektlagd at både det biologiske og det kulturelle mangfaldet skal ivaretakast og at områda skal stå for ei økonomisk utvikling som både er moderne, sosiokulturelt og økologisk berekraftig.

Vestlandskysten er ein skatt for landet, men det gjev eit stort ansvar i å forvalte ressursane slik at kommande generasjonar får glede av dei. I biosfæreområdet er det ei viktig målsetting å fokusere på korleis kyst-Norge skal takle både miljøutfordringar og samfunnsutvikling på ein berekraftig måte.