Hjem  /  Utforsk  /  Kulturlandskap

Kulturlandskapet i Nordhordland

Kulturlandskapet i Nordhordland spenner frå dei ytterste holmane med kystlynghei til stølane og fjellbeita i Stølsheimen. I mange hundre år var dette eit ope beitelandskap, men i dag er skogane i ferd med å vende tilbake. Byggeskikken i området ber preg av at det var lite tømmer tilgjengeleg, der dei mange gråsteinsmurane fortel om korleis ein nytta naturressursane fullt ut.