Smak av Nordhordland Tobby Sander Tomassen

Smak av Nordhordland

Skildring av prosjektet og aktivitetar

Smak av Nordhordland set fokus på lokalmat frå Nordhordland. Gjennom mobilisering, rekruttering og kompetansetiltak har prosjektet samla produsentar i Nordhordland til felles nettverk. Prosjektet sine overordna ambisjonar: Å byggje eit godt og lønsamt nettverk av produsentar og tilbydarar. Vi skal bidra til å gjere produsentar synelege, lokalmat tilgjengeleg og å gjere Nordhordland sin mat og mattradisjon kjend i lokalmarknaden, Bergensmarknaden og i Norge. 

Smak av Nordhordland har si eiga nettside, der du finn oppdatert informasjon om prosjektet og aktørane: Smak av Nordhordland og du kan følgje med på facebooksida. Vi har no gjennomført hovudprosjektet og fortsatte i 2020 - heldigvis fekk vi sjølv under pandemien gjennomført ein del kurs og samlingar. Programmet for hausten 2021 er klart og det finn du på facebooksida! 

Prosjektskildring (frå 2018)
I Nordhordland har vi alt som skal til for å kunne skape framtidig livskraftig næring av lokalmat. Vi har historia om landskapet, gardane, havet og menneska samt råvarene,oppskriftene, tradisjonane og den handlingsborne kunnskapen. I merkevaren legg vi også kvaliteten på produkta, stoltheita, og den nordhordlandske strileidentiteten."Smak av Nordhordland" vil jobba med utvikling av bygdenæring, samt lokalmat i Nordhordland, der vi vil byggja merkevara «Smak av Nordhordland».

To strategiar:
Vi vil jobba for å auka produksjonen av lokalmat, byggja nettverk mellom lokalmatverksemdene, og å byggje bru mellom produsentar og utsal- og serveringsstader. For å nå det overordna målet, vil vi arbeide med to strategiar. Den eine strategien er gründerhjelp til utvikling av ny næring på garden av produkter knytt til landbruk og fiske. Forprosjektet avdekka at det er ei aukande interesse for nyutvikling av gardsdrift og produksjon av eigenprodusert mat. Samstundes såg ein at det var trong for kompetanseheving innan tilleggsnæring på gard. Nedlagte bruk vert no kjøpt opp av unge som ynskjer å satsa på landbruket på ein nyskapande måte.

Den andre strategien er nettverksbyggjing mellom aktørar og samarbeidspartnarar. Vi har små gardsbruk som vi vil knyta opp til dei større gardsbruka for å auka produktutvikling, og gjennom kunnskaps- og erfaringsutveksling gjera «Smaken av Nordhordland» kjend. Nettverksbyggjinga skal knyta produsentane saman med sals- og serveringsverksemdene og saman gjera produkta tilgjengelege og merkevara synleg.

Når ein ser til andre delar av landet, ser vi at Nordhordland i stor grad heng etter i produksjon og utvikling av lokalmat og opplevingsbasert reiseliv.Vi ser likevel at det er aukande interesse for produksjon og foredling av sauekjøt, hjortekjøt, bær og honning. I tillegg er fiske som primærnæring veksande.
Gjennom forprosjektet kom det fram eit tydeleg behov for at regionen vert arbeidd saman som ein felles arena for lokalmat, opplevingar og reiseliv for å byggja ein sterkare identitet rundt kva regionen er ein tilbydar av. Prosjektet har som overordna mål å jobba fram ei bevisst haldning til mat og mattradisjonar i regionen. Vi har allereie kartlagt ei rekke bedrifter som er interessert i å vera med vidare. I tillegg har det i ettertid dukka opp fleire aktulle produsentar som er i gang og ynskjer å utvikla produksjonen vidare.

Visjon
"Smak av Nordhordland" vil gje eit grunnlag for lokalmatklynger i ein felles horisont med samhandling mellom våre lokamatprodusentar, serveringsverksemder og lokalsamfunnet. Dette vil medverka til styrking av fleire nye produsentar og arbeidsplassar og vera ein stor attraksjonsverdi i reiselivet og for Nordhordland som biosfæreområde.

Prosjektmål
Hovudmålet er å bygge eit godt og lønsamt nettverk av produsentar og tilbydarar. Vi skal bidra til å gjere produsentar synelege, lokalmat tilgjengeleg og å gjere Nordhordland sin mat og mattradisjon kjend i lokalmarknaden, Bergensmarknaden og i Norge.