Prosjekt i biosfæreområdet
Prosjekta i biosfæreområdet er tiltak som skal vere utviklande, nyttige, berekraftige, styrkande og til glede for regionen vår. Dei skal syne kva tiltak som er viktige for at Nordhordland skal vere eit godt modellområde for berekraftig utvikling. Prosjekta er forankra i UNESCO sitt biosfæreprogram og i vårt eige strategidokument.
Strategidokumentet peiker på mål, satsingsområda og strategiane som biosfæreområdet skal arbeide etter dei neste fire åra. Til dokumentet høyrer også eit handlingsprogram som syner meir konkret kva tiltak som vi skal gjennomføre dei neste to åra.
Vi har 5 viktige satsingsområde:
Handlingsprogrammet syner prosjekt som er priorietert innan biosfæreorganisasjonen. Utover desse ønskjer vi små og store prosjekt innafor satsingsområda velkomne. Det er bra og viktig at mange vil engasjere seg i ulike tiltak for berekraftig utvikling - slik at vi får bygd opp mange lokale tiltak og ein brei prosjektportefølgje.
Biosfæresatsinga vil engasjere seg i prosjekt på ulike måtar:
- Biosfæreområdet set i gang og leier prosjekta som er prioritert i strategien og i regionrådet/biosfærerådet
- Biosfæreområdet har ei aktiv rolle som samarbeidspartnar i prosjekt som andre aktørar set i gang og som byggjer opp under satsingsområda
- Biosfæreområdet inspirerer aktørar til å setje i gang eigne prosjekt som samsvarer med verdiane i biosfæreprogrammet og som byggjer opp under satsingsområda
I menyen på venstre side finn du informasjon om prosjekt i arbeid no.