Ull i Nordhordland - "Varme tråder"
Ulla frå sauene i Nordhordland er kanskje ikkje betre enn ulla frå resten av Norge, men vi har lange tradisjonar med å jobbe med ull og dei vil vi gjerne «spinne» vidare på. Gjennom forprosjektet «Varme trådar» prøver vi å sjå korleis vi kan bygge grunnlag for næringsverksemd knytt til alt som har med ull å gjere.
Ullveka 19.-28.oktober 2018
Ei feiring av norsk ull, dei norske sauerasane, og våre rike tekstiltradisjonar!
Me har eit eineståande miljø i Nordhordland knytt til norsk ull, norske sauerasar og våre rike tekstiltradisjonar. Ullveka bidrar til å utvikle og løfte fram dette miljøet i regionen vår, som ein viktig del av vår identitet og stoltheit.
Ullprosjektet "Varme trådar"
Forprosjekt i Nordhordland om satsing på norsk ull
Nordhordland har sauen sitt kulturlandskap, stolte sauebønder, sterke ull/tekstil bedrifter, levande handtverkstradisjonar, dyktige designarar og eit sterk engasjement for bruk av ull som materiale. Vi ønskjer å få større merksemd på dei norske sauerasane våre, kvaliteten på den norske ulla, norske handtverkstradisjonar og tekstilindustri, og vise fordelane med å bruke norsk ull i eit berekraftperspektiv, som ein kortreist og fornybar ressurs.