UTKANTKONFERANSEN 2019
Årets tema: Ungdommen vår - ein viktig ressurs no og i framtida!
Tid og stad: 1. april kl. 09.00 - 15.00, STRILATUN, Seim i Lindås kommune.
Påmelding: Fyll inn påmeldingsskjema her. Påmeldingsfrist 26.03.2019. Deltageravgift 300,- pr pers.
UTKANTKONFERANSEN er ein møteplass for å dela kunnskap, inspirera, diskutera og orientera kvarandre om ulike tema og innan ulike fagområde.
Årets UTKANTKONFERANSE rettar fokus på ungdommen vår som er ein viktig ressurs med mange ferdigheiter. Korleis kan samfunnet bidra til å utvikle desse ferdigheitene? Har vi den rette kunnskapen og dei nødvendige verktøya? Skal vi jobbe i fellesskap eller kvar for oss? 1. april tar vi eit djupdykk i temaet og ønskjer velkommen til spannande foredrag, faglege innspel og paneldebatt.
Målgruppa er politikarar, leiarar og tilsette i kommunar, fylke og stat, privat næringsliv, frivillige organisasjonar og andre som er opptatt av årets tema.
08.30 - 09.00 Registerering og kaffi/te
09.00 - 09.10 Velkommen. Tom Kristian Thorsen, ordførar i Modalen kommune
og medlem i Regionrådet Nordhordland
09.10 - 09.30 Sjukt (u)lykkeleg! - ungdom og livsmeistring
Torill Eidsheim, medlem Helse og omsorgskomiteen på Stortinget
09.30 - 11.15 Tema 1: Barn og unge - eit felles ansvar
Inkl. pausar
• Sosial ulikheit og oppvekst med låg inntekt: Implikasjonar for utvikling
og handtering av psykiske vanskar blant barn og unge
Tormod Bøe, psykolog og forskar II, RBKU Vest / NORCE Helse
• Utvikle robuste ungdommar som inkluderer alle
Bjørg-Elin Moen, doktorgrad i psykologi og forskingsleiar i MOT
• Trendar i samfunnet - å vere alminnelig er heilt OK
Mattias Øhra, pedagog og høgskulelektor ved Universitetet i Sørøst-Norge
• Oppsummering og spørsmål
11.15 - 12.00 Lunsj og mingling
12.00 - 12.30 Relasjonar gjennom digital kommunikasjon
Tale Maria Krohn Engvik, aktuell med snapchatkontoen "Helsesista"
12.30 - 14.30 Tema 2: Verdiskaping - med ungdom som ressurs
Inkl. pausar
• Fleire vegar til målet
Robert Lorang Hansen, ungdomskoordinator i Lindås kommune
• JobbLoop - eit inkluderingssamarbeid som skapar
moglegheiter for ungdom
Bosse Litsheim, sosialentreprenør / høgskulelektor HVL og
May Britt Torsnes, HR-leiar Nyrstar
• Private og offentlege aktørar - i fellesskap eller kvar for seg?
Vivian Kårbø, prosjektleiar Nordhordland Næringslag
Erfaringar frå Ressursgruppa i Nordhordland Næringslag
NAV Lindås - med ungdomsoppfølging som eit ansvarsområde
14.30 - 15.00 Paneldebatt og oppsummering
Kva no? Korleis arbeide vidare - i fellesskap eller kvar for seg?
Konferansen er planlagt og gjennomført i samarbeid med:
Årets foredragshaldarar: