Jordmassar frå problem til ressurs
- Ta vare på matjorda!
Korleis nytta massar frå utbygging som ressurs for landbruk og samfunn på ein god måte for innbyggjarar og miljø?
Bakgrunn for prosjektet er store utbyggingar til næring og bustadutbygging i Nordhordland som gjev mykje overskot av jord- og steinmassar som må handterast. Framover er det forventa fleire utfordringar knytt til utbygging i Mongstad-området og sørover. Kommunane har hatt ulike tilnærmingar for å løyse problemstillingare kring overskotsmassar, og det manglar ein felles forvaltningspraksis for å handsame dette på ein samfunnsgagnleg måte. For å finne felles løysingar ble det i 2015 satt i gang eit hovudprosjekt.
Hovudprosjektet har som mål å forbetre utnyttelsen av massar frå utbygging som ressurs til nytte for matproduksjon/landbruk og samfunn på ein måte som førebygg konfliktar med innbyggarane og miljøet. For å nå dette målet, har prosjektgruppa tatt utgangspunkt i tre strategiar:
- Erfaringsbasert rettleiar
På bakgrunn av eksisterande kunnskap og utfordringar framover; er det eit mål å utarbeide ein rettleiar for massehandtering i regionen knytt til offentleg rettsleg handsaming. Prosjektgruppa er no stolte av å presentere rettleiaren:
«Jordmassar frå problem til ressurs – ta vare på matjorda».
Dette er ein erfaringsbasert rettleiar for offentleg forvaltning, og byggjer på innspel frå ulike fagfelt i Nordhordlandsregionen, frå fylkeskommunen og fylkesmannen, og dei lovverk og føresegner som ligg til grunn i offentleg forvaltning. Prosjektgruppa håper rettleiaren fell i «god jord» hos forvaltning og at ein som sakshandsamer finn god hjelp og støtte i den! Les meir om denne her!
- Kurs og seminar
Det har vore arrangert kompetanseoppbygging gjennom kurs for grunneigarar og entreprenørar og seminar for forvaltninga. Les meir om desse her!
- Kortfilmar med døme frå Nordhordland - på Nordhordland UNESCO Biosfæreområde sin YouTube-kanal
Kortfilmane trekker fram gode døme og erfaringar kring jordmassehandtering i Nordhordland. Fleire av bøndene i regionen har lang erfaring frå å ta imot overskotsmassar til forbetring av jordbruksarealet sitt. Dei har fleire gode døme for korleis ein kan handtere jord- og steinmassar på ein måte som tek omsyn til dyra, marka, samfunnet og miljøet.Sjå filmane :
Jordmassar fra problem til ressurs: Gode døme fra Nordhordland - YouTube
Jordmassar fra problem til ressurs: Ein pioner innan jordmassehandtering - YouTube
Norsk Landbruksrådgiving og NIBIO har utarbeida ei handbok retta mot bønder og entreprenørar i bruken av overskotsmassar til jordbruksformål, Handboka tek i større grad med grunnleggande kunnskap om jord og jordartar, i tillegg til tema som miljøhensyn og planlegging, etabliering m.m. Les meir og last ned handboka her!
Kontaktperson:
Tonje Husum Aarland - tlf.: 928 58 413 - tonje.husum.aarland@regionnordhordland.no
Sjå vår eiga trailer til prosjektarbeidet her: Film.mov