Involver deg
Enkle måtar å støtte opp om Nordhordland biosfæreområde på
Biosfæreområder knyter band mellom menneske, økonomi og natur, for å skape ei trygg framtid som vi alle kan sjå fram til. Dei handlar om å utvikle nye måtar å leve på, å utvikle nye idear og å jobbe saman. Det er mange måtar du kan bidra til og støtte opp om utviklinga i Nordhordland biosfæreområde på.
Delta på lokale arrangement: det er mange fine lokale arrangement,festivalar, opne dagar og kurs du kan delta i som vil gje deg gode opplevingar, og som støtter lokal økonomi og miljøet. Vi vil promotere mange av desse på våre nettsider, du kan og sjå i lokalavisene, på kommunale nettsider og sosiale media.
Kjøp lokalt og kortreist: handle hjå lokale utsal, gardsbutikkar, lokalmatdisken på butikken, spør etter lokalmat og drikke på restaurantar og utestader. Det fins mange gode smaksopplevingar der ute...
Send oss foto: send oss bilde av kva Nordhordland betyr for deg. Vi vil bruke dei for å vise andre kor flott regionen vår er.
Sjekk ut kommunale nettstader: kommunane har ofte lister over lag og organisasjonar du kan bli medlem i, samt lokale arrangementer du kan støtte.
Følg oss på sosiale media: vi har ei Facebook side @nordhordlandbiosphere, ein Instagramkonto @nh_biosphere og egen YouTube-kanal Nordhordland UNESCO Biosfære.
Og om du er virkeleg ivrig... ring eller kontakt oss! Vi tek gjerne ein prat om korleis du kan bidra.