Forsking i regionen i dag

Forsking som er aktuell i regionen vår. Oversikta er nok ikkje komplett, men ta kontakt om du har spørsmål til noko av dette, saknar noko eller vil informere om forskingsprosjekt du veit om.

 

TCM - Testsenteret på Mongstad
TCM er det største senteret for testing og forbetring av CO2 fangst teknologiar i verda. Tileigna kunnskap vil kunne leggje tilrette for prosjekt innan CO2-fangst for å bekjempe klimaforandringar. Senteret er ei samanslutning av den norske stat, Statoil, Shell og Sasol.
Fangst og lagring av CO2 vil vere av avgjerande betydning i den globale kampen mot klimaendringar. TCM ønskjer å bidra til bekjempinga av klimaendringar gjennom å utvikle ein teknologi som kan gje svar på den doble utfordringa vi står ovanfor: Å møte eit veksande behov for energi samstundes som ein bekjemper effektane av klimaendringene. Les meir om arbeidet som skjer på TCM her.

CO2Bio
CO2Bio AS sitt formål er å utvikle ny, lønsam forretningsverksemd med utgangspunkt i tilgjengeleg fanga CO2 på Mongstad. Første delmål å få etablert eit nasjonalt pilotanlegg for produksjon av omega-3 rik biomasse basert på algar. Etter pilotfasen på ca 5 år skal grunnlagsdata vere klare som etter planen skal utløyse etablering av storskalaproduksjon på Mongstad. Pilotanlegget er planlagt ferdigstilt i 2017, estimert kostnad er NOK 12 mill.
Dei største aktørane i havbruksnæringa er direkte involvert i prosjektet og forskingsmiljø i Bergen samarbeidar med andre nasjonale og internasjonale ekspertmiljø. Du kan lese meir om CO2Bio her.

Havforskningsintituttet sin forskingsstasjon på Matre i Masfjorden kommune
Forskningsstasjonen i Matre er en viktig plattform for Havforskningsinstituttets forsking innen akvakultur og fiskeforsøk. Aktiviteten omfatter forsøk med laksefisk i alle stadier på sjø og land, marine artar og villfanga fisk.
Stasjonen vart etablert i 1971 og har historisk sett vore ein av pilarane i utviklinga av moderne akvakultur. Fleire av metodane som er utvikla ved stasjonen er no i bruk verda over.
Aktuelle tema er :  - Trivnad og stress hos fisk
                              - Rømd oppdrettslaks
                              - Klimaendring og forsuring
Du kan lese meir om Havforskningsinstituttet og deira aktivitetar på Matre her.

Tunikater til nye produkt i Øygarden
Dei slimete sekkedyra, til besvær på einkvar fortøyning og bryggje i sjøen, kan bil ein viktig ressurs i framtida.Tunikatene - som dei eigentleg heiter har vist seg og ha gode eigenskapar: Medan næringsrike proteiner frå tunikatene skal bli til dyrefôr, kan cellulosen - som tunikatene er aleine om å lage - ha mange spennande bruksområde.
No sonderar ein mogelegheitene for nye produkt og bruken av cellulosen innan fleire nisjemarknader i industrien. Det er mellom anna UniResearch som står bak forskingsprosjektet som du kan lese meir om her.

Lyngheisenteret
Senteret er ein viktig institusjon for forsking, undervising og formidling om kystlandskap og kystlyngheier. Lyngheisenteret har gode fasilitetar for forsking, og ei rekke større prosjekt om kystvegetasjon og utegangersau er gjennomført her. Les meir om forsking på Lyngheisenteret her.