Mange større og mindre vatn i eit småkupert terreng med breie dalar preger dei indre delane av Stølsheimen. Så snart vi er over kanten etter oppstigninga frå fjordane, eller oppe frå dalene i sør, åpner landet seg. Det skifter mellom vide myrområde, forseinkningar med slyngande elver og frodige smådalar og snaufjell i eit litt uryddig mønster. Det tar litt tid å orientere seg i forhold til dei nesten tallause småelvane og bekkjene og deira stryk og fossar. Ikkje sjelden må vi opp med kartet for å finne ut om vatnet renn til Sognefjorden eller Eksingedalen.
Terrenget endrer seg fra vest mot øst. Det er vilt og snørikt ut mot fjordane, og den noko sure gneisen med sitt sparsomme planteliv framhevar landskapet sin skrinnhet. Her er det vanligvis mykje snø, så det er eit fint skiterreng, særlig for vårskiløping, og ofte er det godt klisterføre ut juni i denne delen av Stølsheimen.
Øst- og sørover er terrenget mer avdempa, med breie dalgangar og mindre krevjande terreng, både sommar og vinter. Hist og her ligg det nokon meir markante toppar som gjev stort utsyn sommarstid, eller lange utforrenn på vinterføre.