asset16_large

CeSAM

Center for Sustainable Area Management

Universitetet i Bergen har oppretta "Senter for bærekraftig arealbruk (CeSAM)"  for å koordinere og styrke forsking og undervising innan berekraftig arealbruk og arealforvalting på land og i havet.

CeSAM foreiner forskarar og akademiske grupper frå naturvitskap, jus, humaniora, psykologi, medisin, samfunnsvitskap og kunst og har som oppdrag å svare på kritiske kunnskapshol. Dette kan til dømes vere  arealressursar frå eit juridisk perspektiv, forvaltingskunnskap i eit fortids- og framtidsperspektiv, innverknad på menneska si mentale og fysiske helse, eller sosiale spørsmål knytt til korleis politiske prosessar kan inkludere og balansere lokale, nasjonale og globale interesser.

CeSAM har eit tverrfagleg søkelys på berekraft i arealbruk og forvalting og tilrettelegg for tverrfagleg samarbeid mellom fleire av UiB sine fakultet. 

Sjå meir og oppdatert informasjon om CeSAM, på UiB si engelske nettside.