Vinnar av hovudpremien i fotokonkurransen
"Messi på sauesanking", av Rita Sæle Langeland.
Bildet "Messi på sauesanking" fekk flest stemmer både i avstemminga på Facebook, og i juryen. Dermed blir det Rita Sæle Langeland som stikk av med hovudpremien i fotokonkurransen! Vinnaren har fått overrekt gåvekort på ein tur til Paris for to, med omvisning hjå UNESCO.
Juryens vurdering:
Dette er Nordhordland og Norge! Trygge born i nærkontakt med naturen og kvarandre. Dei sankar ein liten saueflokk som steller kulturlandskapet vårt, som også kjem tydeleg fram på biletet. Biletet har ein god kompsosijson, og det er noko lunt og trygt over biletet.- Artig bilde som spelar på både alvor og humor. Sauesanking er ein del av kvardagen i Nordhordland, men her er den godt kombinert med ein dose humor. Fin måte å få ungane med på tradisjonelle gjeremål. Godt komponert bilde med reine fargar.
Vi takkar alle som har bidratt med bilder til fotokonkurransen vår!