Veke 18 er årets Strandryddeuke!
"Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt!"
Frå måndag 29. april og fram til søndag 5. mai er det ryddeaksjon. Titusenvis av frivillige ryddar strender, øyar, holmar, bekkar, elvar, innsjøar, og til og med havbotnen!
Strandryddeuka er ein landsomfattande ryddeaksjon av Norges strender, ein felles dugnad der alle kan bidra. Tiltaket, som starta med Strandryddedagen i 2011, er initiert av den ideelle organisasjonen Hold Norge Rent. Hold Norge Rent sine hovudmål er å førebyggje forsøpling, engasjere offentleg, privat og frivillig sektor i arbeidet mot forsøpling, mobilisere frivillige til opprydding av herrelaust avfall, og å levere kunnskap om forsøpling.
I Nordhordland kan ein ta kontakt med NGIR for registrering og å levera avfallet gratis. Der kan ein òg få eigne sekkar og hanskar til strandryddinga.
Les meir på NGIR sine sider om strandrydding og registrer ryddeaksjon i Nordhordlandskart.no.
På Ryddeportalen til Hold Norge Rent kan ein melde seg på den nasjonale aksjonen og/eller dele informasjon om kva ein har gjort. Her kan ein også finne kor ein kan få gratis ryddeutstyr andre stadar og sjå kor det er planlagte aksjonar i heile Norge.
Strandryddeuka 2019 er delt inn i ulike temadagar:
Måndag 29. april: Skuler og barnehagar
Tysdag 30. april: Båtfolketsdag
Onsdag 1. mai: #5forhvalen
Torsdag 2. mai: "Rydd med jobben" - din bedrift rydder
Fredag 3. mai: Dykkeaksjonar og vasseaksjonar
Laurdag 4. mai: Strandryddedagen!
Sundag 5. mai: Mikroplast og småplast
Bli med på årets største kollektive ryddedugnad du også!