UNESCO-professorat til UiB
Universitetet er tildelt ein ”UNESCO Chair”, eit professorat om mennesket, landskapet og livsmiljøet. UNESCO-professoratet vil bli tett knytt til det moglege biosfæreområdet i Nordhordland.
Universitetet i Bergen(UiB) har følgt opp samarbeidsavtalen med Regionrådet og tatt ansvar for å organisere prosjekt i Nordhordland og innan andre UNESCO-relaterte forskingsområder.
Etter fleire år med planlegging er UiB tildelt ein UNESCO Chair innafor temaområda “Sustainable Heritage and Environmental Management. Nature and Culture”. Søknaden til UNESCO-kommisjonen om UNESCO-professoratet er utarbeida på bakgrunn av erfaringar frå fleire større tverrfaglege prosjekt ved Universitetet i Bergen og det førebuande arbeidet med det første norske biosfæreområdet.
Bærekraftig utvikling er eit omfattande forskingsområde som vedkjem fleire fagfelt, og som ofte krev tverrfaglege team for at ny kunnskap skal oppstå. Tilhøyrande professoratet skal knyttast 5 bistillingar for forskarar frå ulike fakultet ved universitetet.
Du kan lese Universitetet i Bergen si pressemelding om UNESCO-professoratet her.