UNESCO Chair Dr. Inger Elisabeth Måren
Ny stilling lagt til UiB
Stillinga UNESCO Chair for bærekraftig kulturarv og miljøforvaltning - Natur og kultur - skal fremje eit integrert system med forsking, opplæring, informasjon og dokumentasjon om berekraftig kulturminne- og miljøforvalting, med særleg fokus på Norge sitt aller første biosfærområde - Nordhordland UNESCO Biosphere - under UNESCO sitt program Man and the Biosphere (MAB).
UNESCO Chair, Dr. Inger Elisabeth Måren, fokuserer på dynamikken i kopla menneskelege og naturlege system, inkludert berekraftig utvikling, naturressursforvalting, agro-biologisk mangfald, berekraftig arealbruk, økosystemtenester, agroekologi og matsikkerheit. Måren jobber med kolleger på tvers av samfunns- og naturvitskap for å belyse koplingar mellom menneskeskapte aktiviteter og miljøet, i Europa, så vel som i Asia, Nord-Amerika og Afrika. Ho søkjer å koble mangefasettert kunnskap innan økologi og tilhørande fagfelt for å undersøkje sosial-økologiske kompleksitetar. Spesielt forskar Måren på relevante aspekt ved berekraftig utvikling i samanheng med SDG15 - Life on Land - der berekraftig arealbruk er eit sentralt tema. Ho har vært ein del av å utvikle og undervise i fleire av dei berekraftige utviklingsrelaterte kursa ved Universitetet i Bergen (f.eks. SDG110, SDG215 og SDG214).
Stillinga som UNESCO Chair vert støtta av fire tilknytta forskarar og ein postdoc som representerer forskjellige fagområde. Alle fokuserar arbeidet sitt på aspekt ved berekraftig utvikling og har lang erfaring med å samarbeide på tvers av fagdisiplinar.
Bakgrunn for UNESCO Chair ved UiB
Universitetet i Bergen vart tildelt ein UNESCO Chair med tittelen Sustainable Heritage and Environmental Management - Nature and Culture, i 2015. UNESCO Chair er ein del av UNESCO sitt internasjonale nettverk UNITWIN, som inkluderar nærmare 800 UNESCO Chairs på 700 institusjonar i 116 land, som dekker universiteter over heile verda og eit breidt spekter av tema.
Gjennom dette nettverket samlar høgere utdanning og forskingsinstitusjonar over heile kloden ressursane, både menneskelege og materielle, for å møte presserende utfordringar og bidra til utviklingen av samfunna deira. På område som manglar kompetanse, bidrar og UNESCO Chair og nettverk til å styrke Nord-Sør-Sør samarbeid.
Søknaden til UNESCO-kommisjonen for UiB sin UNESCO Chair vart utarbeida basert på erfaringane frå fleire store tverrfaglege prosjekt utførd ved UiB og det forberedande arbeidet med det første UNESCO-biosfærområdet i Norge - Nordhordland UNESCO Biosphere. Søknaden ble designet med inspirasjon fra Laval University i Quebec, Canada, som har hatt ein UNESCO Chair i ei årrekke, og rammene for Chair blei presentert på den internasjonale UNESCO-konferansen som ble holdt i Bergen i 2014. I Norge fikk vi vår aller første UNESCO-Chair for utdanning om bærekraftig livsstil, holdt av Victoria Thoresen, ved Innlandsuniversitetet for anvendte vitskaper i 2014.
UNESCO sitt program Man and the Biosphere (MAB) er sentralt i arbeidet til UNESCO Chair ved UiB. MAB-programmets oppgåve er å hjelpe medlemslanda til å oppnå måla for berekraftig utvikling (Agenda 2030) ved å bruke biosfærområda aktivt som 'Science for Sustainability Support Sites' - biosfæreområder er modellområder for berekraftig utvikling. Norge fekk utnevnt sitt aller første biosfærområde 19. juni 2019 - Nordhordland UNESCO Biosphere.
For meir info om UNESCO Chair sjå UiB sine nettsider.