Ullveka 19.-28.oktober 2018
Ei feiring av norsk ull, dei norske sauerasane, og våre rike tekstiltradisjonar!
Me har eit eineståande miljø i Nordhordland knytt til norsk ull, norske sauerasar og våre rike tekstiltradisjonar. Ullveka bidrar til å utvikle og løfte fram dette miljøet i regionen vår, som ein viktig del av vår identitet og stoltheit.
Ullveka vart arrangert for første gong i 2014. Interessa for bruken av norsk ull og garn, dei norske sauerasane og tekstile handverk er stor. I dag snakkar me om ‘lokale klede’ på same måte som ‘lokalmat’. Auka bruk av ull frå norske sauer handlar om miljø og berekraft, ‘frå gras til ullgenser’. I år har Ullveka eit 10-dagars program fylt av arrangement som set fokus på Vestlandet sin identitet, sin stolte kulturarv og sterke tradisjon innan tekstile handverk og bruk av ull.
Her er eit bredt utval av kurs foredrag og utstillingar, strikkekafear og andre arrangement. Det er mange arrangørar bak dei ulike aktivitetane, og mykje dugnad er lagt ned for Ullveka. Det som kjenneteiknar alle involverte er ei unik interesse og entusiasme over alt som handlar om norsk ull. Me ønskjer at Ullveka skal bidra til å auke kunnskapen og interessa for norsk ull, dei norske sauerasane og våre handverktradisjonar. Ullveka gir deg ein eineståande sjanse til å sakke ned tempoet, la deg inspirere, treffe nye vener og lære deg nye ferdigheiter på vegen.
Kom til Nordhordland og opplev Ullveka 19.-28.oktober! Ullvekaprogrammet 2018 ligg no ute på http://www.ulluken.no/
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen til Ullveka 2018!
Følg med på www.ullveka.no