Alicia

UiB-forsker blir global ambassadør for biomangfald

Med Nordhordland UNESCO Biosfæreområde som arbeidsfelt.

UNESCO har utnevnt postdoktor Alicia May Donnellan Barraclough frå Universitetet i Bergen som ung talsperson for sitt Man and Biosphere-program. Ho blir ei av fem slike talspersoner globalt.

Under UNESCO stt forum for biologisk mangfald, onsdag 24. mars 2021, vart postdoktor Alicia May Donnellan Barraclough frå Universitetet i Bergen utpeikt som ein av fem globale talspersonar for Man and Biosphere (MAB), UNESCO sitt eldste program.

Bringer vitenskap til globalt diplomati
– Eg ønskjer at vitskapen skal vere sentral i globalt diplomati og rolla som ung talsperson gir meg auka muligheiter for å gjere nettopp dette, seier Donnellan Barraclough, som fram til no har vært eit såkalt Youth Focal Point for MAB-programmet.

– Det var Jane Goodall, ambassadør for MAB-programmet, som ønska å inkludere unge menneske som medambassadører, fordi ho trur det er viktig å skape engasjement for biodiversitet på tvers av generasjonar, sier den unge UiB-forskaren.

Goodall er ein britisk primatolog og antropolog, som har stifta Jane Goodall Institute og Roots & Shoots programmet som del av sitt utrettelege arbeid for naturkonservering og dyrevelferd.

Vil involvere lokalsamfunn
Donnellan Barraclough er allereie godt kjend med UNESCO-systemet gjennom sitt arbeid det siste halvanna året for UiB sin UNESCO Chair Inger Elisabeth Måren.

– Eg forskar på naturen sitt bidrag til menneskeheiten og har arbeida tett med Nordhordland biosfæreområde, som vart det første norske biosfæreområdet under MAB-programmet i 2019, seier den unge forskaren som brenn for å involvere lokalsamfunn i arbeidet med biologisk mangfald og for ei berekraftig framtid.

– Sjølv etter 50 år er MAB meir relevant enn nokonsinne ved å bringe folk attende i arbeidet med bevaring av natur no då vi står midt i ei økologisk krise, som ikkje er i nærhita av ei løysing, seier Donnellan Barraclough, som meiner at dette viser korleis programmet låg i forkant av utviklinga allereie då det vart etablert for eit halvt århundre sidan.

Naturgoder i Nordhordland UNESCO biosfæreområde

I Nordhordland har Donnellan Barraclough arbeida med spørjeundersøking og kartlegging av Naturgoder. I dette forskingsprosjektet søkjer ein å forstå korleis naturen gagnar menneske i Nordhordland Biosfæreområde i form av ulike tenester og fordelar. 

(Saka er henta frå UiB sine nettsider, les meir her.)

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg