Rapeneset på Radøy. Foto: Jan Nordø
Stor dugnad - restaurering av kystlynghei 26. september
Arrangør: Naturvernforbundet Hordaland og Naturvernforbundet Nordhordland
Gjengroinga i landskapet vårt er noko særs mange er opptekne av rundt om i biosfæreområdet. Sitkagranen som vart planta ut på 50-talet er no stor og mange stader klar for hogst, men den største utfordringa har vore villspreiinga av granen som lenge har fått skje. No kan du vere med på dugnad for å få bukt med utfordringa på Rapeneset på Radøy.
På den store granryddedagen, laurdag 26. september, arrangerer Naturvernforbunda i Hordaland og Nordhordland dugnad for å restaurere kystlynghei på Rapeneset på Radøy i Alver kommune. Arbeidet består i å fjerna skogskratt og sitkagran i spreiing.
Det er sett opp buss frå Bergen kl. 09.00, med påstiging i Knarvik. Andre kan møte opp på Straume kai kl. 10.15. Derifrå går alle i samla flokk, jobbar til rundt 16-tiden. Etterpå vert det samling på Kilstraumen Brygge for eit hyggeleg måltid saman.
Retur til Bergen ca. 20.15.
Arrangementet er gratis, så bli med då vel!
Meir praktisk info ved påmelding på Facebook-sida til Naturvernforbundet Hordaland.
Kontaktpersonar: Jeanette Tennebekk, jt@naturvernforbundet.no/ 90946406
eller Jan Nordø, jnordo@broadpark.no/ 92643518