Sjøaurekartlegging i Nordhordland
Har du eit sjøaurevassdrag du ønskjer å ta vare på?
Nordhordland vassområde har fått midlar hjå Miljødirektoratet til kartlegging av sjøaure i perioden 2020-2021. Sjøauren i Nordhordland er lite kartlagd, og no ønskjer vi å få ei betre oversikt over status og tilstand.
Målet med kartlegginga er å få sett i gang tiltak for å betre tilhøva for sjøauren i regionen vår. Sjøauren har fått auka merksemd dei siste åra, då ein ser at denne har fått større utfordringar år for år. Vandringshinder, lakselus, gjedde og forureining er faktorar som påvirker sjøauren i vassdraga våre.
Kartlegginga i Nordhordland vil innehalde ungfiskteljing og habitatkartlegging, ein ser etter vandringshinder, og i dei største vassdraga ser ein og på botndyr. I kartlagde vassdrag kan grunneigarar og/eller lag og organisasjonar søkje midlar til tiltak for å betra tilstanden for sjøauren.
Me ønskjer innspel om sjøaurevassdrag som det er ønskjeleg å få med i kartlegginga. Det vert gjort eit utval av lokalitetar. Det er ein fordel at det er engasjement og interesse for å ta vare på sjøauren i dei vassdraga me får innspel om.
I løpet av juni vil me invitera til eit utendørs møte med inkludert bekkevandring langs eit vassdrag, der ein ser på korleis slik kartlegging vert utført. Det kjem meir info om dette.
Har du eit sjøaurevassdrag du ønskjer skal komme med i kartlegginga?
Ta kontakt med
Vassområdekoordinator i Nordhordland vassområde, Kjersti Isdal, på epost: kjersti@nordhordland.net