September - vinnarbilde
"Villsauene på Gripen gard", av Marius Flemmen Knudsen
Vinnarbilde i september er "Villsauene på Gripen gard" av Marius Flemmen Knudsen, som får gåvekort hjå Stordalen Fjellstove!
Juryens begrunnelse: Trivsel, folk og dyr i naturen sine haustfargar! Villsauen har etterkvart blitt eit kjenneteikn for Nordhordland, då vi har eit kulturlandskap som er spesielt eigna for den gammalnorske sauerasen.
Juryen legg vekt på at bildet skal formidle noko av regionen Nordhordland sin identitet, og vi vil gjerne ha med folk i bilda. Det kan godt vere kvardagslege bilde, som viser litt av kva me driv med i Nordhordland, både på jobb og i fritida! Det er fint om årstida stemmer overeins med den månaden konkurransen gjeld. For meir informasjon sjå her.
Vi takkar for mange fine haustbilder, og håpar at vi får like gode bidrag no i oktober!
Her er finalistane i september månad:
"Gro og hunden", foto: Heidi Johansen.
"Johan og solsikkene", foto: Hilde Haaheim.
"Sauesanking i Stordalen", foto: Gunnar Kartveit.
"Youghurtpause før styrtregnet kommer", foto: Rita Sæle Langeland.