Samarbeid med Universitetet i Bergen

Universitet i Bergen er ein særs viktig medspelar og samarbeidspartnar til biosfæreområdet. UiB har fått godkjendt frå UNESCO eit UNESCO-professorat. Dette professoratet er knytt opp mot forskingsaktivitet i Nordhordland. Til stillinga er det også 5 bistillingar for forskarar, så dette er eit tverrfagleg team for koordinering av forsking i regionen

Det verdsomspennande biosfæreprogrammet er organisert under UNESCO si avdeling for vitskap og utdanning. Slik er det fordi ny kunnskap, ei godt utdanna befolkning og internasjonalt samarbeid er sentrale verkemidlar for å sikre berekraftig utvikling. Universiteter og andre forskingsinstitusjonar har difor vanlegvis eit nært samarbeid med befolkninga, næringslivet og myndighetene i biosfæreområda.

Regionrådet for Nordhordland søkte kontakt med Universitetet i Bergen for å sikre eit langvarig samarbeid om forskingsprosjekter som gagnar regionen i det komande biosfæreområdet. Samarbeidsavtalen vart skrive under i juni 2013. Universitetet har etter dette følgt opp med å søkje UNESCO om eit UNESCO-professorat med ansvar for å organisere prosjekt i Nordhordland og innan andre UNESCO-relaterte forskingsområde. Samarbeidsavtalen med Uib.png

 

For Universitetet i Bergen har Nordhordland lenge vore i fokus for ulike forskningsmiljø. Då Mongstadutbygginga tok til på 1970-tallet satsa universitetet stort på det tverrfaglege Lindåsprosjektet der 20 forskarar og studentar studerte landskapsutvikling og samfunnshistorie. Lyngheisenteret på Lygra vart eitt av resultata frå dette prosjektet. På lyngheisenteret føregår ei rekke prosjekt knytt til kystlynghei, og områda er mykje brukt til undervising for skuleverket og universitetet.

Dei mange små fjordane i Nordhordland er særs interessante forskingsområde med store marinbiologiske prosjekt i Lindåspollane, Lurefjorden, Masfjorden og fjordane kring Osterøy og inn til Modalen. Samarbeidet mellom Uni Miljø, Fylkesmannen og lokalbefolkninga for å redde Vossolaksen er eit døme på eit godt miljøprosjekt.

Arbeidet med å redusere bruk av villfisk som fôr i havbruksnæringa har ført til 2 forskingsprosjekt i Nordhordland. I Øygarden har forskarar satt i gang eit prøveprosjekt med oppdrett at sjøpung (tunikat) som produserar proteinar raskt, og på Mongstad førebur forskarar produksjon av planteplankton med høgt innhald av omega 3-fettsyrer ved å bruke CO2 og overskotsvarme frå oljeraffineriet.

Næringslivet rundt Mongstad har vore fokus for samfunnsfaglege prosjekt for å auke mangfaldet av verksemder utover det som er orientert mot oljeraffineriet og offshoremarknaden. Den store eksplosjonen av tankanlegget i Sløvåg førte til at universitetet og Helse Vest gjennomførte  ei større folkehelse-undersøking av befolkninga.