Ny Nettside for Smak av Nordhordland!

I dag, 23. mars, vart den nye nettsida til Smak av Nordhordland lansert. No kan du mellom anna finne ei oversikt over dei lokale matprodusentane og kvar dei serverar mat med lokale råvarar.

Smak av Nordhordland Tobby Sander Tomassen.jpegI Nordhordland har vi alt som skal til for å kunne skape framtidig livskraftig næring av lokalmat. Vi har historia om landskapet, gardane, havet, menneska, råvarene, oppskriftene, tradisjonane og den handlingsborne kunnskapen. Prosjektet 'Smak av Nordhordland' har dei seinaste åra sett fokus på å samle, skape synergiar og verdiskaping mellom aktørar og bedrifter som forvaltar, produserer, leverer og sel lokalmat i sitt daglege virke. 

No er aktørane og informasjon om arbeidet samla på ei nettside. I løpet av året er planen å utvide innhaldet med ulike menyar og oppskrifter.

Du finn nettsida her!

 

Foto: Tobby Sander Tomassen

 

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg