Nordhordland søkjer status som UNESCO biosfæreområde - først i Norge!
Etter initiativ frå Universitetet i Bergen har kommunane i Nordhordland gjort vedtak om å starte prosessen til å kunne bli det første godkjente biosfæreområdet i Norge. Å ha status som eit biosfæreområde inneber å prøve ut nye måtar å nytte ressursane på; ta det beste frå fortida som grunnlag for at regionen utviklar seg på ein moderne og berekraftig måte til glede for befolkninga i dag og for generasjoner i framtida. Kunnskapsbasert utvikling er sentralt i UNESCO sitt biosfæreprogram, og med denne satsinga vil Nordhordland kunne bli eit attraktivt og interessant område for forsking og utvikling på mange felt.