Møte for berekraftig reiseliv i Nordhordland
6. mars kl 09.00 på Kilstraumen Brygge
Velkommen til samarbeidsmøte om eit sterkare reiseliv i vår flotte region! Påmelding innan 4. mars til kari@nordhordland.net. Gjennom biosfæreprosjektet har vi fått midlar til å gjere ei kartlegging av dei mogelegheitene som ligg i eit meir berekraftig reiseliv og til å prøve ut ulike løysingar. Kva vi skal gjere og korleis det skal gjerast, vil vi gjerne diskutere med deg. Prosjektet heng altså saman med at Nordhordland no er kandidat til å bli det første UNESCO biosfæreområde i Norge. Reiseliv kan bli ein viktig del av denne satsinga, og eit av spørsmåla blir sjølvsagt korleis reiselivsnæringa vil bruke denne posisjonen?