Med tog til Paris for å møte UNESCO
Følg oss under reisa og sjekk om vi lukkast med søknaden vår!
Onsdag 19. juni skal UNESCO utnemne nye biosfæreområde etter søknader som er sendt inn. I den bunken ligg søknaden frå Nordhordland, så no er det berre å krysse fingrane og satse på at det går vår veg.
Vi gjer oss klare til å reise til Paris og delta på møtet der utnemninga skjer ; på det Internasjonale Koordineringsrådsmøtet (ICC) for MAB-programmet i UNESCO.
På vegen nedover til Paris tek vi toget. Ein fin måte å reise på mange måtar; det er miljøvennleg, det gjev oss høve til å arbeide undervegs og ha tid samen i til å diskutere aktuelle saker og ikkje minst – vi reknar med å få sett mykje natur og flotte stader langs ruta. Avreise vert søndag kveld og første etappe er med nattoget til Oslo. Vi er framme i Paris på tysdag i to-tida.
Allereie på tysdag har vi møter med den norske UNESCO-delegasjonen og vi får ei orientering om arbeidet deira der. Vi deltek på ICC-møtet onsdag og torsdag.
Du kan følgje oss på vegen! Vi vil rapportere undervegs, og sender direkte på Facebook både på turen og under opphaldet, så følg med oss!
Vi gler oss skikkeleg til reisa og til å representere Nordhordland på beste måte. Vi som reiser er oss i arbeidsgruppa: Peter Emil Kaland (UiB), Inger Elisabeth Måren (UiB, UNESCO Chair), Kjersti Isdal (NUI og Kari Evensen Natland (NUI). Jarle Skeidsvoll, leiar i styringsgruppa for biosfæreprosjektet vert også med.