Markering av at Region Nordhordland er eit UNESCO Biosfæreområde
No startar jobben!
I andre halvdel av september vert det 'biosfæreveker' i Region Nordhordland. Vi planlegg opninga av Nordhordland Biosfæreområde, den skal bli fargerik, inspirerande og kjekk! Ver med på markeringa og hald av fredag 20. september!
Denne fredagskvelden skal vi arrangere ei nattevandring for berekraftsmåla. Vi skal gjere berekraftsmåla kjent og
inspirere til lokalt engasjement for desse gjennom vandring med informasjon og aktivitetar undervegs. Følg med for vidare informasjon - dette vert gøy!
Strategiprosess
Vidare skal vi i haust samlast om å få på plass ein plan for arbeidet i biosfæreområdet. Kva skal vi fylle denne statusen med, kva er viktig for å sikre ein god, berekraftig utvikling i biosfæreområdet? Vi arrangerar 5 involveringsmøter rundt om i biosfæreområdet i løpet av vekene 38, 39 og 40. Følg med på nærmare informasjon og delta på eit møte nær deg!