Lokalmatnettverket i Nordhordland: Delta og del!
Første samling i 2019 var i Næringshagen på Mastrevik tysdag kveld
Kjøp lokalmat, framsnakk produkta og kvarandre, ta del i nettverket og del av dine erfaringar - og du vil få mykje god kunnskap og gode 'kollegaer' tilbake! Slik vart samlinga i lokalmatnettverket oppsummert i tysdag kveld.
God mat og nettverksbygging er ein perfekt kompinasjon!
På agendaen stod nettverk og nettverksbygging. Prosjektleiar for lokalmatsatsinga, Hildegunn Opdal, innleia med å fortelje om nettverket i Nordhordland og programmet for 2019. I tillegg til ulike kurs og marknader det er høve til å delta på, er eit sentralt tema i år å utvikle 'Nordhordlandsmenyen'. Dette vil vere fleire workshop der vi brukar råvarene vi har og utvikler ein eller fleire menyar ved hjelp av gode kokkar. Håpet er å kunne presenterer Nordhordlandsmenyen til hausten.
Om du vil vere aktivt medlem i nettverket og få rabatt på kurs / samlinger / studietur m.m. kan du melde deg inn, det koster kr. 2000,-. Vi håpar at mange ser nytten og at vi får eit solid matnettverk i Nordhordland! Sjå presentasjonen til Hildegunn og få meir informasjon her.
Matarena
Ingerid Wembstad frå Matarena presenterte deira kompetanseprogram for 2019. Matarena er eit nettverk for heile Hordaland som samarbeider særs godt med vårt lokale initiativ. Dei har 4 forretningsområder; kompetansutvikling, matarrangement, kunnskapsformidling og forretningsrådgjeving. I tillegg til dei ulikie nettverka dei driv innafor mat, arrangerar dei kvart år den store matfestivalen i Bergen. Medlemsskap i nettverket kostar i 2019
kr. 4 000,-. Sjå presentasjonen til Ingerid og få meir informasjon her.
Maya Riise, Nordre Solend Gard
Maya Riise snakka om betydninga av å vere i eit nettverk og poengterte at det finst mange gode hjelparar rundt matprodusentar. Ho oppfordra til å vere ein aktiv deltakar og søke råd og hjelp frå ulike hald - det er mange vegar til å lukkast og ein treng slett ikkje kunne alt sjølv! Sjå Maya sitt innlegg her.
Kjøp lokalmat!
Så no går oppfordringa til oss alle: Løp og kjøp god lokalt produsert mat! Ta i bruk dei gode råvara frå Nordhordland og ekperimenter heime: Kva er din Nordhordlandsmeny?