Kva er berekraftig utvikling?

Kva tyder dette omgrepet som no vert brukt i alle slags samanhengar? Sjølv om nokon kan meine at omgrepet er 'oppbrukt' er det framleis vårt viktigaste verkty for val vi tar for framtida. Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til menneska som lever i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonar sine mogelegheiter til å dekke sine.

Definisjon: Berekraftig utvikling: Utvikling som imøtekjem behova i dag utan å øydelegge mogelegheitene for at kommande generasjonar skal få dekka sine behov.

For å skape berekraftig utvikling må verdssamfunnet arbeide på tre område:

Miljø og klima

Miljødimensjonen av berekraftig utvikling handlar om å ta vare på naturen og klimaet som ein fornybar ressurs for menneska.

Vårt livsgrunnlag er heilt avhengig av naturen - måten vi brukar naturen på, har konsekvensar både for naturen og menneska. Klimagassutslepp skapar global oppvarming og store miljøproblem. Størstedelen av utsleppa i dag kjem frå rike land. Miljøproblema, som flom, tørke og andre naturkatastrofar, rammar menneske i fattige land hardast. I tillegg øydelegg klimagassar heile økosystem og bidreg til at artar vert utrydda. For å stanse klimaendringane og skape berekraftig utvikling må verdas land difor satse meir på fornybare ressursar, som vatnkraft, vindkraft og solkraft.

 

Økonomi

Den økonomiske dimensjonen av berekraftig utvikling handlar om å sikre økonomisk tryggleik for menneska og samfunn. Vi må skape eit økonomisk system som minskar forskjellane mellom fattige og rike menneske.

I verda i dag er det eit aukande gap mellom fattige og rike. Størstedelen av verdas befolkning bur i fattige land, medan det er menneska i rike land som bruker mesteparten av ressursane. Dersom alle menneske på jorda skulle hatt same forbruk som vi i Norge har i dag, måtte vi hatt 2,7 jordklodar.

For å minske gapet mellom fattige og rike må vi få ei likare fordeling av verda sine ressursar. Det betyr at vi må skape eit økonomisk system som gir fattige land mogelegheita til å skape vekst. For at denne veksten skal vere berekraftig må ein ta omsyn til miljøet undervegs.

Menneska i rike land kan bidra til ei jamnare fordeling ved å ha eit bevisst tilhøve til eige forbruk.

Sosiale tilhøve

Sosiale tilhøve handlar om å sikre alle menneske eit godt og rettferdig grunnlag for eit anstendig liv

Her står menneskerettane heilt sentralt og viktige område er utdanning, anstendig arbeid, likestilling, kulturelt mangfald og godBefolkningvekst skapt helsetilbod. Med andre ord seier dei sosiale tilhøva noko om korleis menneske har det i eit samfunn, om dei får oppfyllt rettane sine og om dei har høve til å påverke eige liv og samfunnet dei lever i.

Befolkningsvekst skapar eit auka press på naturressursane. Fattigdom er både ein årsak til, og ein konsekvens av, befolkningsvekst. Tilgang til utdanning og eit helsetilbod er viktig for at folk skal kunne komme seg ut av fattigdom på sikt. Studiar frå FN viser at kvinner som har kunnskap om, og tilgang til prevensjon føder færre barn enn kvinner som ikkje har den same tilgangen. Dermed får familien færre munnar å mette, og det blir mindre press på dei lokale naturressursane. 

bærekraftig utvikling.png

Dersom vi greier å forbetre sosiale forhold, miljøproblema og økonomisk ulikhet kan vi skape berekraftig utvikling.

 

Kjelde: FN sin verdskommisjon for miljø og utvikling, rapport Vår felles framtid (1987) og FN-sambandet

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg