Kunstrunden 2019
Første år med kunstrunde - påskeaktivitet
For første gong vert det invitert til Kunstrunde, i påska 2019. Det er med 10 utstillingsstader, gallerier og atelier. Her kan ein reisa rundt i det som skal bli Alver kommune (Meland, Radøy, Lindås) og sjå kunst og kunsthåndtverk produsert av både lokale og innbedne utøvarar.
Galleri Gamleskulen på Eikanger og Galleri Rustica på Holme er initiativtakarar til det som kan bli eit årleg arrangement. -Vi ynskjer at folk skal få gjera seg kjent med det som finst i området og få oppleva ulike kunstnarlege uttrykk, seier Gro Fyllingsnes (Galleri Gamleskulen). Her er det også lagt opp til møte mellom utøvarar og besøkjande, og møte med spanande stader som du kanskje ikkje visste fanst. Kunstrunden er sponsa av Alver kommune som ein del av kulturaktivitetsprogrammet, der ein sveiser 3 kommunar saman gjennom kultur. Region Nordhordland har støtta prosjektet med hjelp til utarbeiding av logo og brosjyre. -I satsinga på Nordhordland som eit UNESCO biosfæreområde, ønskjer vi å vise fram kva regionen har å by på av kunst og kultur, fortel prosjektleiar Kari Natland. -Dersom dette vert eit velukka arrangement, så håper vi på å utvide neste års Kunstrunde til å gjelde heile Nordhordland, seier Gro.
Deltakarar på Kunstrunden Alver 2019 er:
1."Kunstloftet" Flatøy skule
2.Cathrine F. Hagesæter
3.Galleri Rustica
4.Galleri Songfuglen
5.Vestnorsk Utvandringssenter
6.Liv Sundal Atelier
7.Elins Atelier
8.Galleri Oddleiv
9.Karins Galleri
10.Galleri Gamleskulen
Opningstider:
Fredag 19.april, laurdag 20.april, sundag 21.april kl.12.00-16.00. Nokre av stadane har også enkel servering av mat.
Sjå etter den gule brosjyra med fisken på. Der er det oversikt og kart. Den ligg plassert rundt omkring i området, på kommunehus, bibliotek og på kvar utstillingsstad. Skilt med oransje sild viser veg til utstillingane.
Sjå facebooksida Kunstrunden Alver.