Juni/juli - vinnarbilde
"Messi på sauesanking", av Rita Sæle Langeland
Vinnarbilde i juni/juli er "Messi på sauesanking" av Rita Sæle Langeland, som får gåvekort på tapasbord for ti stk på Sansetunet på Kårbø!
Juryens begrunnelse: Morsomt bilde som viser korleis kvardagen kan vera i Nordhordland. Ungane viser tydeleg engasjement når dei tar del i gardsdrifta. Eit blinkskudd!
Juryen legg vekt på at bildet skal formidle noko av regionen Nordhordland sin identitet, og vi vil gjerne ha med folk i bilda. Det kan godt vere kvardagslege bilde, som viser litt av kva me driv med i Nordhordland, både på jobb og i fritida! Det er fint om årstida stemmer overeins med den månaden konkurransen gjeld. For meir informasjon sjå her.
Vi takkar for mange fine sommarbilde, og håpar at vi får like gode bidrag no i august!
Her er finalistane i juni/juli månad:
"Sunniva", foto: Anders Eidsnes
"Sommer på Herdla", foto: Heidi Johansen
"Venninner", foto: Vivel Skarvatun
"Slåttekarer på Bjørge i Lindås", foto: Marius Knudsen
"To gode venner", foto: Linda Sæle Kjenes
"Sommarkveld på Krossfjelle", foto: Torbjørn Sæle