Jaaaa! Nordhordland er Norge sitt første UNESCO Biosfæreområde
Utnemninga skjedde i Paris i dag, onsdag 19. juni
Flagga vaia høgt i salen og det var stor jubel og glede i Paris då vi endeleg fekk utnemninga!
Jarle Skeidsvoll, leiar i styringsgruppa for biosfæreprosjektet, heldt tale like etter at utnemninga var eit faktum. Han uttrykte stor glede for at Nordhordland - etter mange år med målretta arbeid no er tilldelt status som UNESCO biosfæreområde - det første i Norge. "Dagen i dag markerer eit nytt kapittel i arbeidet for å forma ei berekraftig framtid for Norhordland - for naturen og for folket som lever her. I dag skal me feira. I morgon skal saman - på tvers av samfunnet - arbeida mot dette."
Vi sendte live frå utnemninga på facebooksida vår, så du kan sjå der korleis det var her!