Invitasjon til Informasjonsmøte om prosjektet 'Heilskapleg forvalting av landskapet'
Kystskogbruk og ope landskap i Nordhordland
Landbrukskontor og landbruksorganisasjoner / faglag vert invitert til å få informasjon om prosjektet og ei pilotsatsing for korleis for landskapsforvaling i Nordhordland. Møtet finn stad 13. september 19.00 - 21.00 på Dampen i Knarvik
Stad: Dampen, lokale i Knarvik Hagellia 6
Tidspunkt: 13. september kl. 19.00 – 21.00
Påmelding: Til kari@nordhordland.net innan måndag 11. september
I regi av biosfæresatsinga er det teke initiativ til eit prosjekt for å sjå på ei heilskapleg forvalting av landskapet i Nordhordland. Kvar er det naturleg å ha skog og kvar skal vi ha ope landskap? Kan vi gjere noko med gjengroingsproblematikken? Prosjektet har som visjon at Nordhordland skal bli eit modellområde for heilskapleg forvalting av kystlandskapet.
Vi set i gang eit forprosjekt som skal:
-
Gje innsikt i eksisterande tiltak og litteratur, hente inn oversikt over kommunale planer og initiativ
-
Velje ut og setje i gong eit pilotprosjekt for ope kulturlandskap
-
Utvikle eit overordna grep for heilskapleg forvalting i eit hovudprosjekt
Prosjektansvarleg er Nordhordland Utviklingsselskap IKS og det er sett ned ei styringsgruppe:
-
Peter Emil Kaland, UiB (prosjektleiar)
-
Inger Måren, UiB (UNESCO-Chair)
-
Dirk Kohlmann, Fylkesmannen i Hordaland
-
Asbjørn Toft, leiar for planavdelinga i Austrheim kommune
-
Laila Bjørge, landbrukssjef i Meland og Modalen
-
Jan Nordø, leiar i Nordhordland Naturvernforbund
-
Kari Evensen Natland, Nordhordland Utviklingsselskap IKS
INFORMASJONSMØTE
Representant(ar) frå landbrukskontora og faglag/organisasjonar vert med dette invitert til informasjonsmøte og dialog om prosjektet. For å få best mogeleg oversikt over aktuelle områder for eit pilotprosjekt er det avgjerande at de som har best lokalkunnskap får høve til å komme med innspel, og me vonar at flest moglege landbrukskontor/faglag/organisasjonar har høve til å delta på dette møtet.
I samband med at vi forprosjektet skal velje ut og setje i gong eit pilotprosjekt for ope kulturlandskap, og lagt ved her finn de brosjyren: Invitasjon til grunneigarane.
Det er og lagt ved eit søknadsskjema som skal nyttast for dei som kan tenkja seg å søkja om å verta utplukka som pilotområde.
HJARTELEG VELKOMEN, HUGS Å MELDE DEG PÅ!!
Til kari@nordhordland.net innan fredag 25. august kl. 12.00