Frå ord til handling
Idéverkstad under Berekraftskonferansen 2020 i Bergen
5. februar var omkring 80 engasjerte menneske samla på det Akademiske Kvarter for å dele idear og gje konkrete innspel til korleis Nordhordland UNESCO Biosfæreområde kan bli ein leiande arena for berekraftig utvikling. Arrangementet var ein del av programmet under Day Zero i Den tredje nasjonale Bærekraftskonferansen ved Universitetet i Bergen.
Samlinga vart opna med tre interessante og inspirerande innlegg frå Tora Aasland (leiar i Den norske UNESCO-kommisjonen), Lene Conradi (ordførar i Asker kommune) og Sara Sekkingstad (ordførar i Alver kommune) om korleis sjå berekraftig utvikling i lys av FN sine berekraftsmål, korleis dette kan verke inn på kommunalt planarbeid og korleis vi lokalt i Nordhordland kan ha nytte av statusen som eit UNESCO biosfæreområde.
Bildet visar leiar i Den norske UNESCO-kommisjonen, Tora Aasland (Foto: Arne Abrahamsen)
Så vart folk i regionen, studentar og forskarar utfordra til å sjå for seg eit positivt framtidsbilete (visjon) av Nordhordland om 50 år innanfor tre ulike tema: a. kommunane si rolle i å sørgje for berekraftig utvikling, b. berekraftig hav og c. berekraftig land. Korleis er det i Nordhordland i 2070? Naturen rundt oss og folket som bur her? Og, korleis skal me veksa inn i dette framtidsbiletet? Kva ser me rundt oss i dag som kan vera frø for framtida?
No er alle innspela samla saman - og vil seinare bli sett saman til ein rapport som kan vise vegar til ei berekraftig framtid for Nordhordland.
Arrangementet var eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen v/ UNESCO Chair Inger Måren, Den norske UNESCO-kommisjonen, FN-sambandet og Nordhordland UNESCO biosfæreområde.
Bildet visar stort engasjement kring idéverkstaden. (Foto: Arne Abrahamsen)