Frå ord til handling. Oppsummering frå Arbeidssmia er klar

Samlinga på 'Day Zero', Universitetet i Bergen

No er oppsummeringa frå den store arbeidssmia klar. 5. februar var omkring 80 engasjerte menneske samla på det Akademiske Kvarter for å dele idear og gje konkrete innspel til korleis Nordhordland UNESCO Biosfæreområde kan bli ein leiande arena for berekraftig utvikling. Arrangementet var ein del av programmet under Day Zero i Den tredje nasjonale Bærekraftskonferansen ved Universitetet i Bergen.

 

No er oppsummeringa frå Universitet i Bergen klar og du kan lese heile her. Vi har tidlegare skrive om denne vellukka samlinga:

Tora Aasland.jpgArbeidssmia vart opna med tre interessante og inspirerande innlegg frå Tora Aasland (leiar i Den norske UNESCO-kommisjonen), Lene Conradi (ordførar i Asker kommune) og Sara Sekkingstad (ordførar i Alver kommune) om korleis sjå berekraftig utvikling i lys av FN sine berekraftsmål, korleis dette kan verke inn på kommunalt planarbeid og korleis vi lokalt i Nordhordland kan ha nytte av statusen som eit UNESCO biosfæreområde.

Bildet visar leiar i Den norske UNESCO-kommisjonen, Tora Aasland (Foto: Arne Abrahamsen)

Så vart folk i regionen, studentar og forskarar utfordra til å sjå for seg eit positivt framtidsbilete (visjon) av Nordhordland om 50 år innanfor tre ulike tema:

a. Kommunane si rolle i å sørgje for berekraftig utvikling
b. Berekraftig hav
c. Berekraftig land

Korleis er det i Nordhordland i 2070? Naturen rundt oss og folket som bur her? Og, korleis skal me veksa inn i dette framtidsbiletet? Kva ser me rundt oss i dag som kan vera frø for framtida?

Stort engasjement.JPGArrangementet var eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen v/ UNESCO Chair Inger Måren, Den norske UNESCO-kommisjonen, FN-sambandet og Nordhordland UNESCO biosfæreområde.

 

Bildet  visar stort engasjement kring idéverkstaden. (Foto: Arne Abrahamsen)