FN sitt berekraftsmål nr.2: Utrydde svolt
Matvaresikkerhet, ernæring og bærekraftig landbruk
FN sine berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Eit biosfæreområde er ein god arena for å implementere Agenda 2030 og FN sine berekraftsmål. For å få det til må vi gjere berekraftsmåla betre kjent, og finne ut korleis vi kan jobbe med dei i regionen vår. I denne artikkelserien presenterer vi berekraftsmåla:
Mål 2: "Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremme berekraftig landbruk"
Sjølv om talet menneske som lever i kronisk svolt fortsatt er svært høgt, har andelen gått ned frå 23,3 prosent i 1990-92 til 12,9 prosent i 2014-2016. 821 millioner mennesker er ramma av svolt, mens nesten 2 milliarder opplev manglande mattryggleik i perioder.
Om vi skal utrydde svolt, er på tide å tenkje nytt om måten vi dyrkar, fordeler og brukar maten vår. Dersom vi gjer det på riktig måte, kan jordbruk, skogbruk og fiskeri gje næringsrik mat til alle, ei viktig inntektskjelde for mange, samtidig som ein støttar landsbygdsutvikling og vernar om miljøet. Akkurat no vert jorda våre, ferskvatn, hav, skog og biologisk mangfald raskt nedgradert. Klimaendringane legg enda meir press på ressursane vi er avhengige av, og aukar risikoen knytt til katastrofar, som tørke og flaum.
Ei grundig endring av det globale mat- og landbrukssystemet er nødvendig dersom vi skal ernære dei 821 millionar menneske som svelt i dag, og dei ytterlegare 2 milliardar menneske som ein forventar å vere underernært innan 2050. Høg innsats og innovasjon er avgjerande for å skape ei berekraftig auke i landbruksproduksjonen, forbetre den globale forsyningskjeda, redusere mattap og avfall, og sikre at alle som lir av svolt og underernæring har tilgang til næringsrik mat. Mange i det internasjonale samfunnet trur at det er mogeleg å utrydde svolt i neste generasjon, og jobbar saman for å nå dette målet.
Men kva kan kvar enkelt gjere?
Det er mange små val i kvardagen vår som kan bidra til å gjere verda til ein betre stad for mange andre. For eksempel er det du legg i handlekorga di i matbutikken med på å påverke liva til menneske i andre deler av verda. Ver bevisst på kva du gjer, mange små rette val kan endre vanane våre og få stor innverknad. Små ting ein kan gjere er å ikkje kaste mat, ete mindre kjøt og meir plantebasert mat, dyrke litt av maten din sjølv, etterspørje og kjøpe økologiske/lokale varer og mykje meir.
Kanskje nokon har forslag til korleis vi kan setje meir fokus på dette i Nordhordland?
Her er nokre tips som kan hjelpe deg til å bidra:
https://www.framtiden.no/gronne-tips/mat/
https://www.un.org/sustainabledevelopment/takeaction/
http://www.global.no/skole/handling/hverdagsvalg
Her kan du lese meir om berekraftsmål nr 2: Utrydde svolt.
Kjelder: www.fn.no, www.global.no, http://www.un.org