M Ñl-4-RGB

FN sitt berekraftmål nr. 4: God utdanning

Inkluderande, rettferdig og god utdanning og muligheiter for livslang læring

FN sine berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Eit biosfæreområde er ein god arena for å implementere Agenda 2030 og FN sine berekraftsmål. For å få det til må vi gjere berekraftsmåla betre kjent, og finne ut korleis vi kan jobbe med dei i regionen vår. I denne artikkelserien presenterer vi berekraftsmåla:

Mål 4: God utdanning

Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremme muligheiter for livslang læring for alle

Ei god utdanning er grunnlaget for å forbetre menneske sine liv. Jenter og gutar skal ha lik tilgang til utdanning med god kvalitet, og den skal vere gratis. 

Det har vært ei enorm auke i talet born i verda som går på skule. Framgangen er spesielt stor når det gjeld jenter og kvinner. Det har og vært ei formidabel forbetring i grunnlegjande lese- og skriveferdigheiter. Likevel er det fortsatt altfor mange som ikkje kan lese og skrive.

Mål 4 handlar om utdanning og skal sikre at elevane får ei utdanning som fremjer berekraftig utvikling (ei utvikling som imøtekjem behova i dag utan å øydeleggje mulegheitene for at kommande generasjonar skal få dekkja sine behov. Berekraftig utvikling består av tre dimensjonar: økonomi, miljø og sosiale forhald).

For å nå berekraftsmåla treng vi ein skule som viser korleis verda sine utfordringer heng saman. Nye læreplaner er eit viktig steg på vegen til å nå dette målet. Stortinget har vedtatt at berekraftig utvikling blir eit prioritert fleirfagleg tema i nye læreplanar. I den nye overordna delen av læreplanane som ble vedteken i september 2017, heiter det blant anna at "Berekraftig utvikling som tverrfagleg tema i skulen skal leggje til rette for at elevane kan forstå grunnleggjande dilemmaer og utviklingstrekk i samfunnet, og korleis dei kan handterast".

Her kan du lese meir om berekraftsmål nr 4: God utdanning og Undervisning om berekraftig utvikling

Kjelder: www.fn.no, http://www.no.undp.org​, www.norad.no

Youtube-skjermdump

Me er på Youtube! Sjekk ut vår kanal her

Bærekraftig utvikling

Hva er bærekraftig utvikling? FN-sambandet og UNICEF

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

NHvideo

From Nordhordland with love - Region Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg