Digital fagsamling 13. april 2021
Tema: Jordmassar som ressurs
Tema for dagen:
- Erfaringar og gode døme frå Nordhordland
- Kva kjenneteiknar ein god plan for anlegg av drift av jordtipp?
- Kort om verktøykassa
- Drøftingsrunde
Målgruppe:
Tilsette i kommunar på Vestlandet med saksansvar innan plan, landbruk og byggjesak.
Påmelding:
Gratis deltaking og maks 30 deltakarar. Send namn og e-postadresse til tonje@nordhordland.net innan 9. april.
Me ber om at ein i forkant av samlinga:
- tek ein kikk på rettleiaren og handboka om jordmassar frå problem til ressurs
- ser kortfilmane på YouTube: «Gode døme frå Nordhordland» og «Ein pioner innan jordmassehandtering»
- reflekterer over aktuelle saker og rutinar for sakshandsaming i eiga kommune
- les faktaark M-1243 Mellomlagring og sluttdisponering av jord og steinmasser som ikke er forurenset
Fagsamlinga er arrangert av landbrukskontoret i Alver, Austrheim, Fedje og Modalen, og er eit tiltak i samarbeidsprosjektet «Jordmassar: frå problem til ressurs».