Bli med å kåre vinnar av fotokonkurransen for heile 2016!
Tur for to til Paris!
No kan DU vere med å kåre vinnaren. Kåringa foregår slik: Gå inn på facebook-sida til Nordhordland biosfæreområde. Her ligg ein artikkel med dei ti bilda som har vunne månedspremie. Gå inn i artikkelen og gi likes til dine favorittbilde. Det er åpent for avstemming fram til 5.februar. Dei tre bilda som får flest likes blir sendt vidare til juryen for endeleg avstemming.
Prosjektet Nordhordland biosfæreområde har arrangert fotokonkurranse kvar månad i 2016. Alle månedsvinnarane er automatisk med på trekninga av hovudpremie. Hovudpremien for heile 2016 er ein tur for to til Paris, reise og opphald i to netter. Premien inkluderer privat omvising i UNESCO-bygninga der ein mellom anna kan lære meir om biosfæreområda rundt omkring i verda. I tillegg er det inkludert middag for to på ein lokalmat-restaurant i Paris.
Premiane kvar månad har er gitt frå lokale mat- og reiselivsverksemder i Nordhordland. Vi ønskjer å løfta fram desse flotte verksemdene, som Nordhordland har all grunn til å vera stolte over! Du finn intervju med desse nettsidene våre her.
Oversikt over vinnarbileta:
Februar: "Skitur på Lauvås", foto: Bente Semmingsen Fivesdal.
Mars: "Nordlys over Hella", foto: Heidi J. Mongstad.
April: "Kajakktur ved Toskavegen", foto: Heidi J. Mongstad.
Mai: "Marie på Gavelen", foto: Bente Semmingsen Fivesdal.
Juni/Juli: "Messi på sauesanking", foto: Rita Sæle Langeland.
August: "Ole og David i vikingskipet", foto: Linda Sæle Kjenes.
September: "Villsauer på Gripen gard", foto: Marius F. Knudsen.
Oktober: "Osterøy", foto: Joachim Vedå.
November: "Den første skituren", foto: Linda Sæle Kjenes.
Desember: "Orions belte", foto: Anders Eidsnes.